Innsendt:

Gullklokke og Norges Vel-medalje til Ulstein-jubilantar

20 tilsette i Ulstein vart heidra med gullklokke og Norges Vel-medaljar.   Foto: Ulstein Group.

Nyhende

Tysdag denne veka vart 20 jubilantar i Ulstein heidra. Desse har jobba i Ulstein i 30 og 31 år og vart såleis tilsette i 1987 og 1988

Dei fekk tildelt gullklokke frå bedrifta, og medaljen for lang og tru teneste som Det Kongelige Selskap for Norges Vel tildeler for å synleggjere og verdsette innsats i arbeidslivet.

Konsernsjef Gunvor Ulstein delte ut medaljen, medan leiarane for dei enkelte selskapa, Tore Ulstein og Kristian Sætre, delte ut klokke til dei tilsette.

Dei tjue jubilantane er:  Tor Kåre Hareide og Merethe Myklebusthaug i Ulstein Design & Solutions, Ann Karete Breivik i Ulstein Power & Control,  Torill Heimland Garshol i Ulstein Shared Services, Dagbjørn Myklebust og Hanne Notøy i Ulstein Elektro Installasjon, og Stig B. Slettebakk, Oddbjørn Sande, Don Johansson, Tore Olsen Ringstad, John Hatløy, Otto Inge Fjørtoft, Thorbjørn Blikeng, Tommy Norhagen, Arnold Tafjord, Svein Helge Svendsen, Terje Moltu, Magnar Einar Kvamme, Eva Strand Clementsen og Hans-Børre Fiskaa i Ulstein Verft.