[ mat ]

Julekake

NYBAKT: ingenting slår ei skive med nybakt julekake med smør på til advent-og julefrukostar. 

OM SPALTISTEN: Mari-Lene Korsnes driv kafèen i Geiranger Bakeri Volda ved Spinneriet i Volda sentrum, saman med besteveninna si. Ho har studert i Matkultur og helse ved Høgskulen i Volda og driv i tillegg matbloggen www.medhjerteformat.com. – Min store lidenskap her i livet er mat og då spesielt mat laga frå botnen av. Eg håper med dette på å kunne inspirere og påverke andre til å eksperimentere og kose seg med matlaging.  Foto: Privat

Nyhende

Skal eg vere heilt ærlig hadde eg sjølv aldri heilt sansen for dette søte brødet med rosiner i. Det var før eg for 2-3 år sidan prøvde å bake det sjølv, og smakte det heilt rykande ferskt med ein klatt ekte meierismør. Då blei det brått satt på lista over julebaksten som eg berre måå ha kvart år.

Det søte brødet er saftig med ei tynn og fin skorpe og smakar fint av søt kardemomme og rosin. Saman med godt smør eller brunost smakar det ekstra godt. Derfor er det fast innslag på julefrukosten eller på lunsjbordet i juletida. Oppskrifta gir to middels store runde brød.

Ingrediensar:

180 g rosiner + ca. 1 dl varmt vatn

50 g gjær

5 dl heilmjølk

950 g kveitemjøl + ekstra til utbaking

135 g sukker

2 ts kardemomme

1 ts salt

1 egg

130 g meierismør, romtemperert & i terningar

1 egg, til pensling

Ha rosinene i ein bolle og hell over 1 dl varmt vatn. Lat dette stå å trekke i ca. 20 minutt.

Ha gjær, mjølk, nesten alt kveitemjølet, sukker, kardemomme, salt og egg i ein bakebolle og elt deiga saman i ca. 10 minutt i kjøkenmaskin. Tilset smør-terningane og lat deiga elte vidare i 10 minutt til. Hell av vatnet på rosinene og tørk dei med kjøkenpapir. Strø litt kveitemjøl på rosinene og tilset i deiga. Elt det saman på sakte fart i ca. 1 minutt. Deiga skal vere ganske fast og smidig så tilsett litt meir kveitemjøl om nødvendig. Strø eit godt lag med mjøl på kjøkenbenken og hell deiga ut av bollen. Del opp deiga i to like store emne. Kna kvart emne godt saman, brett inn deiga på undersida og form til to runde brød. Her er det viktig at du har ei fast nok deig slik at brøda held på fasongen under heving. Set på bakepapirkledd steikebrett og lat heve til dobbel storleik.

Forvarm omnen til 180-200 ºC, avhengig av korleis din eigen omn steiker.

Pensle brøda med samanpiska egg og bruk ein skarp kniv til å lage eit snitt rundt heile vegen av brøda og eit snitt på toppen (nokre mm djupt), gjerne i eit fint mønster. Sett julekaka midt i steikeomnen og lat steike i ca. 30 minutt. Her må du følgje med litt underveis og synest du brødet blir raskt mørkt på toppen kan du legge litt bakepapir over toppen etter ei stund. Julekaka er ferdig stekt når den er gylden mørkbrun og lagar ein hul lyd når du bankar på undersida. Avkjøl på rist og server med godt smør eller ost.