– Årets beste dokumentarfilm

Tamilske M.I.A. er ein rebell som er fanga mellom ekstrem vald og livet som superkjendis.

Maya: I dokumentarfilmen Matangi/Maya/M.I.A. følgjer me Maya si fantastiske reise frå immigrant tenåring i London til den internasjonale popstjerna M.I.A. Faren hennar var ein av grunnleggjarane av Tamiltigrane, og Maya er også eit politisk menneske.   Foto: Filmweb

Nyhende

– Eg er ustyrleg og har brent mange bruer, seier artisten Matangi. Også kjend som Maya og M.I.A.

Tysdag kan du sjå filmen om henne på Sjøborg kino i Ulsteinvik. Ho er mykje meir enn pop, hip hop, dance og elektronika. Maya tilhøyrer den forfølgde folkegruppa tamil og kom som flyktning til London i 1986, 11 år gamal. Faren var ein av grunnleggjarane av Tamiltigrane.

Sjølv om ho vaks opp under fattige kår i London, har ho vakse opp til å bli superstjerne og motedesignar. Musikken hennar vart mellom anna brukt i filmen «Slumdog Millionaire». Denne uvanlege popstjerna er også ambassadør for flyktningar og ytringsfridom.

Eigenleg ville ho jobbe med dokumentarfilm. Ho har filma med videokamera både seg sjølv og omgjevnadene rundt seg. Dette var før smarttelefonane kom. Ein gamal ven og dokumentarfilmskapar frå kunstskulen, Steve Loveridge, har laga filmen. Filmen er sett saman av filmopptak Maya har gjort sjølv, og hennar næraste vener gjennom 22 år. Filmen er eit portrett av eit tvers igjennom politisk menneske som bruker røysta si til å stå oppreist mot urett.

Samarbeidet mellom artisten og dokumentarskaparen gjekk ikkje knirkefritt. Ho synest han har klipt vekk vel mykje av det forferdelege folket hennar opplevde under krigen. Ho har nok også opplevd meir glamour enn det som fekk plassen i filmen, men ikkje alt får plass i ein film på 1 time og 37 minutt.

Filmen har fått gode kritikkar. Filmmagasinet omtalte den som ein perfekt dokumentar.

Har støtta filmen

Steven Pushparajah K har støtta filmvisinga på Sjøborg. Han ønskjer at norsk publikum skal sjå denne filmen som er ein av dei beste dokumentarfilmane i år.