13.-plass på fylkeslista

Lisa Mari Breivik Anderson er einaste frå Ulstein og Hareid på lista til Senterpartiet.

Lisa Mari Breivik Anderson er på 13.-plass på Senterpartiet si liste til fylkestingsvalet 2019.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Laurdag presenterte Senterpartiet i Møre og Romsdal si endelege lista til fylkestingsvalet 2019. Den er toppa av Kristin Sørheim frå Tingvoll. Geir Inge Lien og Jan Ove Tryggestad kjem på dei neste plassane.

Lisa Mari Breivik Anderson frå Ulstein SP er einaste frå Ulstein og Hareid på fylkestingslista. Ho er plassert på ein 13. -plass.