Lys i mørketida – på sykkelen:

Ikkje gløym refleks og lys

Ikkje alle veit at det er påbod om både lys og refleks på sykkelen. Slurv kan gi deg gebyr.

Det må vere både lykt og refleks på sykkelen i mørketida.   Foto: Stian Lysberg Solum/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK): Dei fleste syklar vert selde utan lykt som er festa på sykkelen – sjølv om det altså er påbode å ha det når ein ferdast i trafikken.

Når ein syklar i mørket må ein ha lys både framme og bak. Det er også påbode med refleks bak og på pedalane eller pedalarmane, minner Statens vegvesen oss om i ei pressemelding.

– Å berre bruke hovudlykt er ikkje godkjent. Viss ein blir stoppa av politiet utan fastmontert lykt, risikerer ein å måtte betale gebyr. Det er ingen reglar som direkte bestemmer kor kraftig lykt ein kan bruke, så akkurat her tilrår vi å bruke hovudet: Unngå for kraftig lykt då slike kan blende andre trafikantar, seier jurist Kurt Ottesen i Statens vegvesen som jobbar med reglar rundt ulike typar køyretøy.

Ved sykling i mørke eller skumring skal det framme på sykkelen vere lykt med fast gult eller kvitt lys og/eller fleirfunksjonslykt som gir blinkande eller fast kvitt lys. Bak skal sykkelen ha lykt med fast eller blinkande raudt lys. Dette gjeld ved sykling på alminneleg ferdselsveg eller område.

Det skal vere raud refleks bak. På begge sidene av pedalane skal det vere kvit eller gul refleks.

Å bruke klede med neonfargar og refleks er nesten like viktig for å bli sett som lys. Klede med sterke fargar gjer ein også mykje meir synleg i dagslys.