Meinseth har plombert peisen

Slepp å betale feieavgift

Tor Meinseth har ikkje fyra på sju år. Han er den første i Ulstein som har fått plombert peisen, sånn at han slepp å betale feiaravgift. Han vil tipse også andre som ikkje fyrer om å gjere det same.

Feieavgift: Tor Meinseth trur det er mange som han som ikkje nyttar elstaden sin, då bør dei heller ikkje betale for å feie pipa, meiner han. Foto: Ingvild Aursøy Måseide  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

– Eg har ikkje fyra på mange år! Eg sa frå til kommunen, men har likevel drive og betalt feiaravgift, sjølv om feiaren ikkje feiar pipa mi, fortel Tor Meinseth.

Til slutt såg han seg så lei av å betale for ein teneste han ikkje trong. Han held varmen med varmepumpe og varmeomnar, så han treng ikkje fyre i peisen.