Brian Eno kjem til Go With the Flø

Musikaren, komponisten, plateprodusenten, vokalisten og biletkunstnaren kjem til Flø neste år.

Brian Eno: Brian Eno starta bandet Roxy Music med Bryan Ferry. Han har produsert musikk for mange store artistar og grupper, som David Bowie, Coldplay og U2. Han kan også sjå tilbake på ein eigen lang solokarriere. Han har studert kunst ved Ipswich Art School. Foto: John Grabowski  Foto: John Grabowski

Gler seg: Hugo Opdal gler seg til Brian Eno kjem til Flø. Han jobbar med fleire spennande namn til kunstivalen. Arkivfoto  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

I helga kunne Hugo Opdal røpe at han har fått tak i ingen ringare enn Brian Eno for å kome til neste års Go With The Flø. Der vil han stille ut nokre lydinstallasjonar.

Eno prøvde seg først som klassisk musikar, men tok i 1972 vegen over til pop-art-bandet Roxy Music, som han starta i lag med Bryan Ferry. Etter to år slutta han i Roxy Music og fekk solokarriere.

Han blir rekna som grunnleggjaren av sjangeren ambient (kjelde: Wikipedia).

Sidan slutten av 1970-talet har han vore ein ettertrakta produsent. Han har samarbeidd og produsert plater for mange artistar, mellom anna: U2, Talking Heads og Coldplay. Eno var med som musikar og delvis medkomponist på tre av albuma til David Bowie på slutten av 70-talet. I 1995 tok dei to opp igjen samarbeidet.

Han har også laga den seks sekund lange oppstartsmelodien på Windows 95.

Som biletkunstnar har han laga videoar, installasjonar og bøker.

Held det gåande heile sommaren

Neste år feirer Go With The Flø 10-års jubileum. Kunstivalen startar i mai og varer heile sommaren.

– Eg kjøpte Brian Eno-plater som tenåring, også har han produsert nokre av mine favorittband i oppveksten, både U2, David Bowie og Talking Heads – og ikkje minst dei litt yngre Coldplay. Eg har alltid vore interessert i musikk og høyrer framleis på musikk opptil seks-sju timar om dagen. Det er mykje spennande som skjer i brytningspunktet mellom musikk og bildekunst, seier Hugo Opdal i ei pressemelding.


Go With the Flø

Vil ha ein kunstival som varer i månadsvis

Neste år har Go With the Flø tiårsjubileum. Hugo Opdal er omstillingsdyktig og tenkjer nytt.