Dannar nasjonalt reiselivsselskap

NSB og Fjord1 går saman om å etablere eit nasjonalt reiselivsselskap.
Nyhende

Dei to selskapa, som er leiande innan transport på land og sjø, meiner dei med ei slik felles satsing vil ta ein sentral posisjon også i norsk reiseliv.

- Målet med reiselivsselskapet er å tilby miljøvenlege reiselivspakkar i heile Noreg, utvikle nye turistreisemål og bidra til heilårsturisme, heiter det i ei pressemelding frå NSB og Fjord1 tysdag morgon.

NSB og Fjord1 skal eige femti prosent kvar i det nye selskapet.

- - Turistane som kjem til Noreg følgjer ofte ei kjend turistrute. Det gjer at det kan bli ganske trongt enkelte stader. Samstundes er det mange turistperler som ikkje får like mange besøkande. Vi ønskjer saman med lokale aktørar å utvikle nye berekraftige destinasjonar og reiselivsaktivitet heile året. Eit døme er Romsdalen med Åndalsnes og Raumabanen, seier Synne Homble, konserndirektør for mobilitet og reiseliv i NSB-konsernet, i pressemeldinga.

Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1, seier følgjande:

- Noreg får flest besøkande om sommaren, men det er noko magisk med kvar årstid. Vi skal lage pakketurar som freistar turistar heile året.

NSB og Fjord1 har planlagt å etablere selskapet rundt 1. mars 2019