Refleksar til skulebussane

Sparebanken Møre gir 500 refleksar så bussjåførane kan gje til skuleborna i Hareid og Ulstein.

500: Sølvi Anita Rekkedal og Ida Therese Gjerde i Sparebanken Møre overleverte refleksar til Øystein Haddal i Nettbuss.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Øystein Haddal fortel at dei hadde ein kampanje i samarbeid med fylkeskommunen i haust der dei delte ut refleksar, men dei ser ikkje så mykje igjen desse refleksane. Det var slike harde som ein slår på armen. Desse refleksane frå banken er slike ein festar med sikringsnål til jakka, så er dei på og borna slepp å hugse å ta på seg refleks.