– Folk må vere ansvarlege og vise omsyn

Fugleekspert Alv Ottar Folkestad trur det vil fungere fint at turistar får gå i land på Grasøya.

– ta ansvar: Ornitolog Alv Ottar Folkestad ber folk ta ansvar på Grasøya. Arkivfoto  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

– Det som er viktig, er at folk er ansvarlege og tek omsyn til fuglelivet på øya. Det er ei sjølvfølgje at ein ikkje skal trakke i reirområdet og skremme fugleungane, seier Folkestad.

Frå 1. juli neste år skal Flø Feriesenter frakte turistar ut til øya utanfor Flø på korte dagsturar. Dette er mot slutten av hekkesesongen, og ifølgje Folkestad er dei fleste fugleungane ganske store på det tidspunktet.