Statue av Rasofiel Rise

Besøkte bilethoggaren

Johs Klungsøyr har vore i Oslo og besøkt bilethoggar Tore Bjørn Skjølsvik som skal lage statuen av Rasofiel Rise.
Nyhende

Skjølsvik har laga fleire av statuane som har kome opp på Hareidlandet dei seinare åra. Han har laga fleire kjende statuar, som fotballspelaren som står utanfor Color Line Stadion i Ålesund.

Stiftinga Rasofielgarden og Vonheims Venner har henta inn prisar og vilkår frå ein del bilethoggarar for statue av Rasofiel. Johs Klungsøyr er vald til leiar for prosjektet. Han fortel at det desidert lågaste tilbodet kom frå Tore Bjørn Skjølsvik.

Skjølsvik har inngått samarbeid med sunnmøringen Olav Nils Sunde, som står for det forretningsmessige. Desse to har bygd opp eit galleri i ein nyoppussa murvilla på Hegdehaugen i Oslo. Klungsøyr fekk kome på besøk dit no nyleg og vart særs godt motteken.

– Skjølsvik var levande interessert i Rasofiel, som han på førehand hadde fått ein del informasjons om, fortel Klungsøyr som er særs godt nøgd med valet av bilethoggar. Han var ikkje berre billegast, han er også veldig anerkjend.

Skjølsvik hadde laga ein gipsfigur av Rasofiel før Klungsøyr kom på besøk. Han var levande opptatt av kroppsbygnad, klesdrakt. og for ikkje å snakke om ansiktsforma til Rasofiel som han meinte var interessant markert. Han var særs open for å diskutere overflata på skulpturen (grov eller glatt, eller ein mellomting). Og så diskuterte dei vidda på buksa. – Han ønskte seg fleire bilete av Rasofiel, no har han fått alt me kan oppdrive, fortel Klungsøyr.

Samlar inn pengar

Då Klungsøyr var på vitjing på Hegdehaugen, hadde Rasofielgarden ei von om kanskje å få jubileumsgåva på 175 000 kr som Sparebanken Møre delte ut, og som Rasofielgarden søkte om. Dette ville ha dekt halve kostnaden med statuen til denne kulturhovdingen i Hareidsdalen. – Rasofiel Rise er eitt av dei fremste namna som heile Hareidskulturen byggjer på. Då Hareidsstemnet vart etablert var det Rasofiel si ånd det skulle byggje på, seier Klungsøyr engasjert.

Men Sparebanken Møre sine midlar gjekk til gapahuk ved Rotarystien.

Johs Klungsøyr seier han vonar på at folket og bedriftene våre vil gjere så godt dei kan for å heidre Rasofiel Rise med ei statue. Ei foreining i Hareid har alt gått inn med 50 000 kroner.