Forlengar byggefristen

Dette huset er eitt av bidraga som har kome inn til peparkakehusbakekonkurransen førebels. 

Nyhende

For å skape ein peparkakelandsby trengst det peparkakehus. I dag gjekk fristen for å levere inn bidrag til Peparkakelandsbyen 2018 ut, men talet på deltakarar kunne ha vore betre. Arrangørane, Ulstein bibliotek, Folk Spiseri og Ulstein næringslag, har difor bestemt seg for å utvide fristen til over helga og vil ta i mot bidrag fram til mandag kveld.

Alle vert inviterte til å delta, både skular, barnehagar, verksemder og private. "Det er berre fantasien som set grenser", skriv biblioteket på Facebook-sidene sine

Peparkakelandsbyen vert å finne på Ulstein bibliotek fram til torsdag 20. desember 2018.  Då vert vinnarane av dei flottaste byggverka kåra ut i frå kor mange stemmer kvart einskild bygg har fått i løpet av utstillingsperioden. Arrangørane lovar flotte premiar. Deretter skal peparkakebyggverka auksjonerast bort og inntektene går til eit godt formål.