Gladmelding frå SSB:

Vi får meir å rutte med

MEIR: – Folk vil få meir å rutte med. Vi vil få ein reallønnsvekst nær eit normalt nivå på rundt 2 prosent i 2021, seier SSB-forskar Thomas von Brasch til NTB.  Foto: 123RF.COM

Nyhende

Lønnsveksten i år vart eten opp av straumsjokket etter tørkesommaren, men dei neste åra vil vi få meir å rutte med, ifølgje SSBs siste prognosar.

Dei siste åra har vore magre for vanlege lønnsmottakarar. Den historisk låge lønnsveksten i 2016 gav oss i praksis null eller litt mindre kjøpekraft. Fjoråret gav heller ikkje nokon reell auke. Den forventa lønnsveksten i år på 2,8 prosent ligg nær ramma frå lønnsoppgjeret. Men også den blir eten opp, takka vere dei auka straumprisane som følgde etter den rekordtørre sommaren.