Vil helst synge julesongar året rundt

Men songglade Turid Alise gjorde ein avtale med borna sine om å vente med julesongane til minst etter Halloween.

Stemmer i: Lokalavisa fekk vere med på ei lita «svide» kring om i Ulsteinvik, og Turid Alise Hide Lindset var snar med å skru på Juleradioen. – Når eg er for meg sjølv kan eg høyre på alt som berre eg likar. Då går det mykje i Sissel Kyrkjebø, Sondre Bratland, Mahalia Jackson og mange andre godbitar, seier ho smilande. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Brorparten av det norske folk som feirar jul har gjerne eit godt og nært forhold til høgtida. Men for somme er jula – og i dette tilfellet – julesongane, ei interesse som i utgangspunktet kunne vart året rundt.

Turid Alise Hide Lindset er ei av desse.