Klar for semifinalen - skal kjempe om finaleplass:

Søndag kan Tonje vinne «Farmen»

Tonje Frøystad Garvik (29) frå Ulsteinvik er i semifinalen i TV2-sende «Farmen», og det ser ut til å gå mot ei dramatisk avslutning på årets sesong.

Tonje Frøystad Garvik er blant dei tre semifinalistane i årets utgåve av TV2-programmet «Farmen».  Foto: Pressefoto/TV2.

Nyhende

Sambuaren til Tonje Frøystad Garvik, Lene Sleperud (29), gjekk onsdag ut av «Farmen», då ho kom til kort i kampen om ein semifinaleplass.

I semifinalen får Tonje selskap av Karianne Amundsen (28) og Kjetil Nørstebø (28). Semifinalen tek til søndag kveld, og i same program skal det til slutt kårast ein vinnar i den avsluttande finalen. Kven som kjem til finalen står det att å sjå, men det nok høgst truleg at Tonje har mange her i regionen som kjem til å heie ho fram til ein eventuell finale.

Dramatikk i finalen

Det har dei siste dagane blitt skrive fleire saker om dramatikk i sjølve finalen, der den tapande finalisten bad TV2 om å spele inn finalen på nytt. Vedkomande skal i følgje VG meine at den andre finalisten har juksa.