Politiet snakka med niandeklassingar om narkotika

– Tenk dykk om, ta lure val

– De vil få mange spørsmål om å prøve ulike rusmiddel. Sånn har ungdomsmiljøet blitt, det skjer ikkje berre i storbyane, sa politioverbetjent Pål Inge Olsen til klasse 9E ved Ulstein ungdomsskule.

Urinprøve: Niandeklassingane vart paffe då politioverbetjent Pål Inge Olsen fortalde dei korleis urinprøver blir gjennomførte. Sjølv om det var narkotika føredraget handlar om er alkohol framleis det mest vanlege rusmiddelet mellom ungdom. Når ein er påverka av alkohol kan det vere lettare å seie ja til noko ein elles hadde sagt nei til, som å prøve narkotika på ein fest.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Denne veka har alle niandeklassingane ved Ulstein ungdomsskule hatt besøk av politistudentar som har snakka med dei om narkotika.

Politioverbetjent Pål Inge Olsen som arbeider med førebyggande arbeid, fortel til Vikebladet Vestposten at dei var meir ute i skuleklassar og snakka med elevane før, no har dei ikkje kapasitet til det. Men då Ulstein ungdomsskule spurte om dei kunne kome, då svara dei ja. Det er to politistudentar som står bak opplegget, men fredag kunne ikkje den eine studenten stille, så då vart Olsen med politistudent Marius Helland Bøstrand.