Fosterheim

På jakt etter nok heimar

Turid Giskeødegård og Tove Nygård i Bufetat var i Ulsteinvik onsdagskvelden for å finne dei rette heimane til borna som treng ein ny heim.

Ser etter heimar: Turid Giskeødegård og Tove Nygård hadde møte i Ulsteinvik for å rekruttere fleire fosterheimar. Giskeødegård har vore fostermor for ein ungdom og fortalde om det. – Du treng ikkje vere ein perfekt forelder, sa ho og meinte det er ein fordel om ein har møtt litt motstand i livet. Då kan det vere enklare å hjelpe ungdomen som slit. Det som er viktig er at ein er ein stødig vaksen som bryr seg. Ein bør vere romsleg og av og til ta eit steg tilbake og reflektere over kva åtferda til ungdomen betyr, ikkje berre stemple han/ho som frekk.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Bortsett frå dei som hadde ei oppgåve på dette møtet, møtte det ikkje så mange. Men eit par melde si interesse for å bli fosterforeldre, og skal på kurs. Dette paret kan utgjere ein stor forskjell i livet til eit barn.