Lensmann og kommuneoverlege åtvarar:

Ulovlege tatoveringar

Ei rekkje ungdomar på Hareidlandet har den siste tida vorte tatoverte av ein ung mann i slutten av tenåra. Ifølgje politiet gjeld det ungdomsskuleelevar heilt ned i åttande klasse.

Lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen, seier han er overraska over saka. Til no har politiet fått melding om at sju born har fått tatovering av ein ung mann som har skaffa seg tatoveringsutstyr.  Foto: Arkivfoto: Linda Eikrem

Nyhende

– Dette har skjedd på dei mest utrulege plassar, som til dømes offentlege toalett og venterom, fortel lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen.