Sparebanken Møre gav 175.000 kroner til Fredheim

Vil sikre framleis liv og aktivitet i det over 100 år gamle lokalet.

Banksjef Ellen Kvalsund delte onsdag ut jubileumsgåve på 175.000 kroner til Fredheim.   Foto: Sparebanken Møre.

Nyhende

I år feirar Sparebanken Møre 175 år. Det markerer banken med å dele ut jubileumsgåver i kvar av dei 24 kommunane der banken har kontor.

1. desember fekk Hareid Rotary 175.000 kroner til bygging av ein gapahuk ved Rotarystien på Hareid. Onsdag var turen komen til Ulstein.

– Som ein aktiv og engasjert 175-åring er det kjekt for Sparebanken Møre å kunne vere med å sikre framleis liv og aktivitet i det over 100 år gamle Fredheim, som gjennom generasjonar har vore eit viktig forsamlingshus i hjartet av Ulsteinvik. Jubileumsgåva skal bidra til å ta eit tradisjonsrikt bygg inn i ei ny tid, med moderne utstyr og oppgraderte fasilitetar, for å gjere bygget meir tenleg både for faste brukarar og gjestar, fortel banksjef Ellen Kvalsund i ei pressemelding.

Gode minner

Innbyggjarane i kommunane har fått sjansen til å sende inn forslag om kven som kunne fortene jubileumsgåve frå banken og Kvalsund slår fast at ein har funne ein verdig vinnar.

– Svært mange i Ulstein har gode minner knytt til aktivitet på Fredheim, og kvar veke er ca. 500 menneske innom for ulike fritidsaktivitetar, kor, speidar eller i barnehagen. I tillegg vert det vakre sentrumsbygget nytta som forsamlingshus i høve mellom anna 17. mai, jul, bryllaup, barnedåp, konfirmasjon og gravferder. Dørstokken er lav, og bruksområda er mange. Huset vert nytta av gamle og unge, og er eit positivt bidrag til gode møteplassar mellom menneske i kommunen, fortel ho.

Fantastisk gåve

Ifølgje Sparebanken Møre var det Ruben Voldsund som sende inn forslaget som enda med jubileumsgåve til Fredheim. Under tensingøving på Fredheim onsdag kveld vart han og styreleiar i Fredheim, Magne Grimstad, overraska av jurymedlem Silje Håheim og banksjef Ellen Kvalsund med nyheita om jubileumsgåva. Det var ein svært glad og overraska styreleiar som tok imot gåva.

– For ei fantastisk gåve! Hjarteleg takk til Sparebanken Møre, for at de har sett oss og det arbeidet som vert gjort på Fredheim. Fredheim har sidan 1909 vore eit brukshus for heile Ulstein, med lav brukarterskel og stor breidde i aktiviteten. Her har Hødd trena, her er det julefestar, korøvingar, basarar, konsertar. Dette er verkeleg eit handslag til alle dei som driv frivillig barne- og ungdomsarbeid her. Og midlane kjem godt med, for huset treng oppgradering, sa ein glad styreleiar Magne Grimstad.

Sparebanken Møre fekk inn om lag 30 forslag til kven dei skulle gje jubileumsgåva til. Dermed har den lokale juryen, med Knut Erik Engh, Marie Flatin, Magomed-Khan Kudosov, Eli Skaatun, Silje Håheim og Ellen Kvalsund, hatt eit tøft arbeid med å kome fram til den rette mottakaren.

– Vi har latt oss imponere stort av engasjementet i høve jubileumsgåva. Det var stor breidde og høg kvalitet i forslaga som kom inn, og vi vil takke kvar og ein som har engasjert seg, seier Ellen Kvalsund