Advokaten til Elling Strand:

Meiner oppseiinga er ugyldig

Torstein Burkeland i Burkeland, Lång & Co, advokaten til Elling Strand, meiner klienten hans har gode kort på handa.

Strand sin advokat Torstein Burkeland i Burkeland, Lång & Co representerer ulsteinvikaren Elling Strand.   Foto: Burkeland, Lång & Co.

Nyhende

- Ja, eg føler at Elling har ei veldig sterk sak. Det meiner eg fordi heile det faktiske som arbeidsgjevar har basert seg på då han blei sagt opp verkar å vere ei rein misforståing. Dessutan, den framgangsmåten som arbeidsgjevar har valt å gå for ser eg på som svært uvanleg. Eg har sett mykje i mi tid, men dette er heller spesielt, seier advokat Burkeland.