Om «å danse brandøling»

Å danse brandøling: Underforstått, brandølingar dansar på ein særleg fri og utagerande måte. Men så vidt vi veit er ikkje personane på biletet brandølingar, trass i at dansen verkar både fri og til dels utagerande.  Foto: creativecommons.org/licenses/by/2.0/

Nyhende

Ein lesar bad meg greie ut uttrykket «å danse brandøling», som var framsett i Hareid kommunestyre nyleg og som vekte ein del åtgaum og humring. Lesaren hadde fått tips om at enkelte fann uttrykket «diskriminerande». Eg svara vedkomande at «å danse brandøling» truleg var å danse med hendene og beina i alle retningar. Ein slags fristil. Men frå spøk til alvor. Det er ingen grunn til å tru at brandølingane dansar annleis enn andre, t.d. ålesundarar og folk frå Flø.