No er det slutt på helsesøstrer

Ved å endre tittel frå helsesøster til helsesjukepleiar håper Stortinget og Norsk Sykepleierforbund å rekruttere fleire menn til dette yrket. Arkivfoto av Daniel Eide Moltumyr, som arbeider som helsesjukepleiar ved Ulstein Helsestasjon.   Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Unio melder om at det frå i dag av, 1. januar 2019, er slutt på tittelen helsesøster. No heiter det helsesjukepleiar. Tittelen er ny, men kompetansen er den same.

Det var eit samrøystes Storting som vedtok den nye tittelen i desember 2018.

Norsk Sykepleierforbund (NSF) har jobba for denne endringa sidan 2015, då dei ønskte ein kjønsnøytral tittel.

For tida er det berre 12 mannlege helsesjukepleiarar. Ein av dei er Daniel Eide Moltumyr i Ulstein.

– Med den nye tittelen håper og trur eg at fleire menn vil søkje utdanninga og at terskelen for å oppsøkje oss blir lågare for gutar og unge menn, seier Kristin Sofie Waldum-Grevbo, leiar i landsgruppa fro helsesjukepleiarar, i ei pressemelding.

Helsesøstrer, eller no helsesjukepleiarar, er sjukepleiarar med spesialutdanning.