Busstrøbbel:

Eiksundtunnelen var stengd

Det danna seg lange køar på begge sider av tunnelen. Her på Eiksund-sida.  Foto: Bjørn Gray.

Ein minibuss blei eskortert ned i tunnelen av ein politibil, mest truleg for å hente med seg passasjerar frå bussen som fekk trøbbel.  Foto: Bjørn Gray.

Nyhende

Vegtrafikksentralen melde via sin Twitter-konto klokka 15.16 torsdag ettermiddag at Eiksundtunnelen blei mellombels stengd.

Årsaka til stenginga skulle vere ein buss som fekk trøbbel nede i tunnelen. Politiet vart informert om hendinga, og naudsynte tiltak blei iverksett.

Ein mann på staden fortalde litt etter dette Vikebladet Vesposten at det hadde danna seg lange køar som følgje av stenginga.

Oppdatering kl. 15.55: Ein minibuss fekk for kort tid sidan politieskorte ned i tunnelen, truleg for å hente ut passasjerar frå bussen som har vanskar. Det skal også ha vore minst éin minibuss til inne i tunnelen, truleg for å hente ut passasjerar den også.

Oppdatering kl. 16.13: Bergingsbil på veg. Tunnelen framleis stengd.

Oppdatering kl. 16.16: Ei rekkje personbilar kom ut av tunnelen, mot Eiksund. Politiet dirigerte mest truleg bilar forbi staden der bussen stod i tunnelen.

Rundt klokka halv fem torsdag ettermiddag byrja dei fyrste bilane å få sleppe gjennom, men køa blei ikkje mykje mindre, då den blei stoppa frå tid til anna.

Oppdatering kl. 16.34: Det som såg ut til å vere ein fjerde minibuss blei nyleg eskortert ut av tunnelen.

Trafikken går rykkvis gjennom tunnelen når klokka nærmar seg kvart på fem, melder ein mann på staden.

Oppdatering kl. 16.41: Politiet melder via Twitter at alle passasjerane på bussen var frakta ut av tunnelen, og at det vil bli kolonnekøyring gjennom tunnelen fram til bergingsbil er på plass.

Oppdatering kl. 17.03: Tunnelen er no open igjen for fri ferdsel.