Frå badeender til vasski

Ein kan finne mykje rart i fjøresteinane.   Foto: Charlotte Hauge

Nyhende

I 2018 fekk SSR inn rundt tusen sekkar med avfall plukka i strandkanten. Alle dei 40 tonna med marint avfall som kom inn vart plukka opp og samla inn av frivillige. Når folk brukar gjennomsiktige strandryddesekkar som dei får utdelt på miljøstasjonane til SSR, er det gratis å levere dei inn. Samtidig må dei fylle ut eit skjema frå Hold Norge Rent, så ein får ført funna inn i statistikken.

Kommunikasjonsansvarleg Andrea Øien Sæverud ved Søre Sunnmøre Reinhaldsverk fortel i ei pressemelding at ho ofte blir nyfiken på historiene som litt bak funna. Kva er det som får folk til å kaste eit vaffeljarn i fjøra?

I fjor samla folk i Ulstein, Hareid og Herøy inn ti tonn meir marint avfall enn året før.

- Eg har lyst til å takke alle som brukar tid og krefter på å rydde opp marint avfall. Dei gjer ein enorm innsats både for livet i havet og for at vi skal kunne bruke naturen utan å måtte trakke i avfall som andre tankelaust har slengt frå seg. Dette er eldsjeler som ikkje let seg stoppe av det som kan verke som eit hav av plast. Dette er folk som tek ansvar i praksis. Eg håpar det kan vere til inspirasjon for mange fleire, seier Sæverud.

Seminar på Runde

Helga 12.-13. januar inviterer Runde miljøsenter og Sunnmøre friluftsråd til eit seminar om strandrydding på Runde. Då er alle dei som har gjort ein frivillig innsats og rydda strender i området velkomne til å dele av erfaringane sine.

Seminaret har framleis ledige plassar for frivillige strandryddarar som ønskjer å bli inspirerte og lære meir om mellom anna havstraumar, plast og flytande miljøstasjonar. 


Ymse strandryddefunn på Ytre Søre i 2018:

Vaffeljern

Hjelm

Boxershorts

Politileikebil

Badeand

Taustumpar

Q-tips

Plastflasker

Ølboksar

Bildekk

Isopor

Avløpsrør

Bilmotor

Brannsløkkingsapparat

Fiskesnøre

Take-away-emballasje

Stol

Vask

Lampe

Barnesykkel

Presenning

Babysko

Vannski

Tromme

Dundyne

Steikepanne

Snusboksar

Heliumballongar