Støtte til søppelplukking

Miljødirektoratet opplyser at det er mogleg å søkje økonomisk støtte til å rydde søppel langs strender, elvar og vassdrag. Tilskotsordninga til tiltak mot marin forsøpling er i år på 65 millionar kroner.

Tiltak som kan redusere marint søppel kan få pengestøtte. Illustrasjonsfoto: Kari Hamre / NPK 

Nyhende

– Interessa for å vere med å rydde marint søppel dei siste åra har vore overveldande. Vi håpar mange vil vere med å rydde i 2019 også, og oppfordrar alle som har ein god idé til eit prosjekt for å rydde søppel på strender og langs elvar og vassdrag, om å søkje støtte frå Miljødirektoratet, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Frivillige kan søkje støtte til koordinering av ryddeaksjonar og transport og innlevering av marint avfall til godkjent mottak, inkludert fjerning av eigarlause fritidsbåtar.

Prosjekt som har ein førebyggjande effekt kan også få støtte. Det gjeld til dømes informasjons- og rettleiingsmateriell, haldningskampanjar og workshops.

Det kan også søkjast støtte til metodeutvikling som bidrar til meir effektiv opprydding av marin forsøpling over heile landet.

Fristen for å søkje om støtte er 31. januar 2019.