– Dette er ein del av julefeiringa

– Julekonkurransen til Vikebladet Vestposten er ein del av julefeiringa, seier Ina Marie Sæter som er ei av tre heldige damer vart trekt ut som vinnarar av julekonkurransen «Kvar i Hareid og Ulstein».

Vinnar: Ina Marie Sæter frå Eiksund (t.h.) vart trekt ut som vinnar i lokalavisa sin julekonkurranse «Kvar i Hareid og Ulstein» og fekk overlevert eit spekekjøtlår av redaktør Linda Eikrem. Marianne Mork og Bente Mork Blindheim vart dei to andre vinnarane. 

Nyhende

– Johoo! Marianne Mork jublar då ho får høyre at ho har blitt trekt ut som ein av vinnarane i julekonkurransen. Ho er på veg heim til Lørenskog etter å ha feira jul i barndomsheimen på Brekkane på Hareid.

– Eg har prøvd å løyse julekonkurransen kvart år, men dette er første gongen eg har sendt inn. Det syner at det aldri er for seint, seier ho.

Ho tykkjer julekonkurransen baud på nokre nøtter denne gongen også.

– Har brukt nokre liter diesel

– Eg flytta frå Hareid då eg var 17, no er eg 63. Eg var difor litt uroa for at nye hus og slikt skulle gjere det vanskeleg, men det gjekk fint. Men det har gått med nokre liter med diesel i løpet av jula for å køyre rundt og sjekke, innrømmer ho.

Ei anna utflytta hareidskvinne, Bente Mork Blindheim som er busett i Selvågane, vart også trekt ut som vinnar denne gongen:

– Oi! Det var kjekt!

Det er første gongen ho har vunne konkurransen, sjølv om ho har vore trottig til å sende inn år etter år.

– Konkurransen er ein fast familieaktivitet når vi har familieselskap i romjula. Då hjelpest vi åt med å finne fram svara. Eg tykte elles at konkurransen var litt vanskelegare i år enn tidlegare, men eg har aldri køyrt rundt for å finne svara, seier Bente.

– Så gøy! Julekonkurransen er eit fast del av julefeiringa heime hos oss og noko vi ser fram til kvart år, seier vinnar nummer tre, Ina Marie Sæter frå Ødegård i Eiksund.

Ho fortel at dette er noko som engasjerer store og små i familien.

– Andre juledag set vi oss i bilen og tek ein tur rundt på øya. I år vart turen ekstra lang, for vi måtte heilt ytst på Flø for å dobbelsjekke at alle svara var rette, seier Ina Marie.

84 svar

I samband med årets konkurranse som stod på trykk den 22. desember fekk vi inn i alt 84 svar. Dei første svara tikka inn allereie første juledag, medan nokre venta til siste liten med innleveringa.

Dei aller fleste leverer svara på e-post, men tretten personar har tatt turen innom redaksjonen for å overrekke svaret sitt personleg. To av deltakarane nytta seg av brevpost. I fjor tok vi imot 90 svar. Av desse var 11 levert personleg og eitt sendt per post.

Deltakarane er nokså jamt fordelt mellom Hareid og Ulstein, i tillegg finn vi også nokon som bur utanbygds.

Tradisjonen tilseier at premien i konkurransen skal vere eit spekekjøtlår. Så også denne gongen. Vi gratulerer dei heldige vinnarane.


Her er dei rette svara:

1. Ulsteinvik

2. Hareid

3. Bigset

4. Haddal

5. Eiksund

6. Hasund/Dimna

7. Ulsteinvik

8. Haddal

9. Eiksund

10. Ulstein

11. Ulsteinvik

12. Brandal

13. Hjørungavåg

14. Flø

15. Flø

16. Bigset

17. Hareid

18. Ulstein

19. Haddal

20. Hasund/Dimna

21. Hasund/Dimna

22. Bigset

23. Flø

24. Hareid

25. Brandal

26. Brandal

27. Eiksund

28. Hjørungavåg

29. Hjørungavåg

30. Ulstein