Libra-Plast AS – generasjonsverksemda på Raffelneset:

– Vi ser positivt på framtida

Libra-Plast AS har trass i tøffe tider innanfor offshore levert om lag 7.000 utvendige dører i året. – Vi har klart oss godt, seier dagleg leiar Einar Pieroth.

Utvikling: Her står trioen Einar Pieroth (midten, dagleg leiar), Anders Lillebø (t.v.), områdesalssjef, og marknadssjef Kim Lillebø med eit av dei nyutvikla produkta. Ei dør spesialdesigna til yachtar. Døra til venstre er eit anna produkt Libra-Plast tilbyr.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Vi har gått og trakka nede i hallen sidan vi var små, i sommarferiane og i helgene

Kim og Anders Lillebø
Nyhende

Vikebladet Vestposten møtte like før årsskiftet nemnde Pieroth og brørne Anders og Kim Lillebø på kontora til Hareids-verksemda på Raffelneset. Trioen, og dei andre tilsette i Libra-Plast AS, kunne snart sjå tilbake på nok eit sterkt år, trass i stoda til næringslivet i regionen elles.