Presenterte "Vekst i Hareid" - og han som skal leie satsinga:

- Det er ei ære for meg

John Breivik blir prosjektleiar for "Vekst i Hareid", som er eit næringssatsing med fleire aktørar.

John Breivik blir leiar for prosjektet "Vekst i Hareid", som blei lansert under frukostmøtet til Hareid Næringsforum fredag.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Prosjektet blir kalla for eit sosialt engasjement med solide lokale støttespelarar. Hareid kommune og Hareid Næringsforum får nyte av verdifull kompetanse frå eksterne næringslivsleiarar og støtte frå Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune for å sørgje for at prosjektet kan bere frukter.

Prosjektet blei lansert under eit frukostmøte på Melshorn Hotell på Hareid fredag morgon. Styreleiar i styringsgruppa, mangeårig næringslivsleiar Karl Johan Bakken, og den nytilsette prosjektleiaren John Breivik presenterte prosjektet for dei frammøtte frå kommune, handelsstanden og det øvrige næringslivet i Hareid.

Breivik får kontor i Sparebanken Møre-bygget på Hareid, og vil jobbe målretta, saman med styringsgruppa, for å bidra til vekst i Hareid. Mellom anna er det eit mål å sørgje for 200 fleire arbeidsplassar i kommunen i løpet av dei neste fem åra.

- Eg ser fram til å jobbe med mange dyktige folk, og gler meg til å bli betre kjent med næringslivet i Hareid kommune, sa Breivik til lokalavisa.


Du kan lese eit lengre intervju med John Breivik i laurdagsutgåva, der Vikebladet Vestposten har han som gjest i laurdagspraten.