Godtek ikkje bot etter trafikkulukke

Firmaet som leigde ut ein bilhengar nektar å godta førelegget på 10.000 kroner etter trafikkulukka ved Strandabøskogen i Ulstein i fjor haust.

stålbjelkar: Ei kvinne i 40-åra frå Herøy fekk alvorlege skadar då bilen hennar vart treft av hengaren på ein møtande bil ved Strandabøskogen i fjor haust. På hengaren låg det fire tunge stålbjelkar. Arkivfoto: Linda Eikrem  Foto: Linda Eikrem

Firmaet vil ikkje betale bota og saka ender difor etter alt å døme i retten.

Nyhende

Ulukka skjedde onsdag ettermiddag 5. september. Ei kvinne i 40-åra frå Herøy vart alvorleg skadd, då bilen hennar vart treft av hengaren på ein møtande bil.