Hareid har meldt seg på Klassequizen

Selda Ekiz er programleiar for Klassequizen på TV.  Foto: NRK

Nyhende

For sjuande gong skal NRK i gang med kunnskapskonkurransen for tiandeklassingar, Klassequizen.

Interessa for konkurransen er rekordstor i år. Det er 536 skular som har meldt seg på. I Møre og Romsdal er det 34 skular som skal tevle om å bli fylkets smartaste, så dei får representere fylket på nasjonale finalar i Oslo.

Dei innleiande rundane i fylket blir sendt på ettermiddagssendingane til NRK Møre og Romsdal, på P1.  

Konkurransen startar førstkomande måndag. Då skal Møre ungdomsskole i Ålesund prøve seg. Dagen etter er det tiandeklassingane frå Hareid ungdomsskule sin tur. Ulstein ungdomsskule skal ikkje vere med.

Etter dei innleiande rundane vil det den 13. mars bli halde ein lokal fylkesfinale i Ålesund. Som i fjor skal det kårast to fylkesvinnarar. Båe desse to laga vinn 5000 kroner til klassekassa. Og dei skal vidare til nasjonale finalar i Oslo. Også i år er det Selda Ekiz som er programleiar for desse finalane. Dei nasjonale finalane går over fem laurdagskveldar i april og mai og blir sendt på NRK1.