Vått døgn

Nyhende

Det var venta mykje nedbør i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane til seint fredag kveld.

Både i Hareid og Ulstein var det ifølgje yr.no venta så mykje som 12 millimeter nedbør frå klokka 12 til klokka 18 fredag.

Frå natt til fredag til seint fredag kveld kunne døgnnedbøren kome opp i 70 millimeter.

Hareid kommune bad på nettsida si folk sjekke sluk og stikkrenner, og melde frå dersom elvar og bekker går over sine bredder og skaper problem for trafikk, infrastruktur og bygningar.

Fredag ettermiddag bad lokalavisa lesarane sende inn bilete av høg vassføring. Det har kome inn ein god del bilete frå det våte døgnet, berre ta ein titt i biletkarusellen øvst på sida. Avisa tar gjerne imot fleire bilete.

Har du bilde av høg vassføring? Send gjerne til redaksjon@vikebladet.no