– Eg taper denne konkurransen kvart bidige år

Denne busken fekk aldri lys på seg. Kanskje neste år?  Foto: Linda Eikrem

Lenge før advent får mange ein trong til å framheve altanrekkverk, dørkarmar, husrafter, flaggstenger, tre og busker ved hjelp av lys.

Nyhende

Eg vaks opp på 70- og 80-talet. Vi pynta til advent og jul også den gongen. Første søndag i advent hengde vi opp stjerna i stovevindauget og sette fram den sjuarma lysestaken. I adventsstaken, laga av bjørketre, stod det fire lilla lys. Juletreet vart pynta vesle julaftan og vart ståande til langt ut i januar. Å pynte med lys ute, var eit ukjent fenomen den gongen.