NAV-leiaren i Hareid og Ulstein om utviklinga inn i 2019:

– Meir tru og håp no

Arbeidsløysa var framleis stor i både Hareid og Ulstein mot slutten av 2018 – men NAV Hareid og Ulstein-sjef Anders Hammer har trua på eit 2019 i oppturane sitt teikn.

Har trua på betring i 2019: Anders Hammer er leiar for NAV-kontora i Hareid og Ulstein. Han håper arbeidsløysa i kommunane går ytterlegare ned, og ønskjer ein betre dialog med næringslivet for å få til dette. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Like før jul kom statistikken som viser at 3.134 personar er heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,3 prosent av arbeidsstokken, men er samstundes ein nedgang i arbeidsløysa på 8,4 prosent frå same månad i fjor. Statistikken viser også at Hareid framleis har den høgste arbeidsløysa i Møre og Romsdal og ei av dei høgste i landet, med heile 4,0 prosent, eller 104 personar. I Ulstein var det 147 ledige per desember 2018 – eller 3,2 prosent av arbeidsstokken. Talet på ledige har derimot minka med høvesvis 15 og 40 personar i Ulstein og Hareid frå desember 2017. Men – det er ikkje til å leggje skjul på at også 2018 var eit tøft år når det kjem til arbeidsløyse i regionen vår – og ikkje overraskande er det framleis blant dei som opererer innanfor den maritime næringa at dette er mest synleg.