Mellom dei best besøkte i fylket

Også i 2018 har Sjøborg kino i Ulsteinvik markert seg som ein av dei best besøkte kinoane i fylket.

Here we go again: Filmen «Mamma mia! Here we go again» var den beste besøkte filmen ved Sjøborg kino i Ulsteinvik.  Foto: Filmweb

Nyhende

– Med unntak av kinoane i Ålesund, Molde og Kristiansund var vi den best besøkte kinoen i fylket i fjor, både totalt sett og per framsyning, seier ein nøgd kinosjef Kristine Brungot ved Sjøborg kino.

Kinoen hadde eit totalbesøk på 28.500. Deretter er ein liten nedgang i høve til året før, men årsaka er nok at talet på framsyningar var lågare i 2018 enn i 2017, seier Brungot.

Det er særleg filmen «Mamma Mia! Here We Go Again!» som har trekt folket inn i kinomørket. 2138 løyste billett til denne filmen ved kinoen i Ulsteinvik, medan filmen på landsbasis oppnådde eit sal på 708.436 billettar.

– Det er elles gledeleg at tre av dei fire best besøkte filmane ved Sjøborg kino er norske, seier Brungot. «Skjelvet» har 1812 selde billettar, noko som plasserer filmen på andreplass besøksmessig. På tredjeplass hamna «Månelyst i Flåklypa» som hadde eit billettsal på 1560, medan 1290 billettar vart selde til filmen «Den 12. mann».

På dei seks neste plassane er «Mission: Impossible – Fallout» i 2D med 992 selde billettar, «De utrolige 2» i 2D og med norsk tale oppnådde 857 selde billettar, to billettar bak ligg «Bohemian Rhapsody» med 855, «Avengers: Infinity War» i 2D hadde 794 selde billettar, «Fifty Shades Freed» 767 og «Jurassic World: Fallen Kingdom» i 2D hadde eit billettsal på 727.

Forventningane til kinoåret 2019 er høge:

– Storfilmen «Løvenes konge» kjem til sommaren og til våren får vi nye og meir komfortable stolar. Det er mykje å glede seg til, seier Kristine Brungot.