Arrangerer handballskule i vinterferien

Hødd Handball inviterer til tredagars handballskule i vinterferien.

Handballskule: Frå 25. til 27. februar arrangerer står Hødd Handball som arrangørar for handballskule.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Nyhende

Frå måndag 25. til onsdag 27. februar arrangerer Hødd handball «Rema 1000 Handballskule» i samarbeid med handballforbundet.

Ifølgje Hødd Handball sine facebook-sider vil det bli lagt opp til allsidig trening og leik, både for dei som allereie er aktive innan handball og for dei som vil prøve handball for første gong.

Målgruppa for handballskulen er barn i barneskulealder.