Ein søndag ettermiddag våren 1963

Haddal/Kaldholen: Ein søndag ettermiddag våren 1963 rulla Sigbjørn Haddal sin Ford Zephyr inn på tunet til Ingeborg (Bolla, f. Kaldhol) og Johan Giskeødegård i Kaldholen. At gutegjengen med haddølingar har stoppa akkurat der er nok ikkje tilfeldig, for den unge kvinna som står så tekkeleg heilt til høgre er Ingunn Giskeødegård. Eit par år seinare bytta ho etternamn til Haddal då ho gifte seg med Sigbjørn Haddal frå Haddal. Dei to litt yngre jentene som stikk hovudet opp bak bilen er Ingfrid Dimmen (til v.) og Bente Giskeødegård. Dei ville vere med på spenninga når haddalgjengen kom på vitjing til Kaldholen. Ingfrid Dimmen er frå Ulsteinvik, men søskenbarn til søstrene Ingunn, Eva og Bente Giskeødegård. I fremste rekke frå venstre står Kåre Alme, oppvaksen på Garnes, Kjetil Haddal, Unni Moldskred (søskenbarn til Giskeødegård-jentene ho også), Sigbjørn Haddal, Eva Giskeødegård , Harald Moldskred og Ingunn Giskeødegård. Det låg nok mykje spenning i lufta, for nokre år seinare vart også Unni og Harald Moldskred gifte. Kjetil Haddal (han vart gift med Guri Teigene frå Hareid) døydde i 2018, Bente Giskeødegård Jonsson i 2015. Som vi ser har kleskoden endra seg litt sidan 1963. Drakt og plisseskjørt er ikkje vanleg søndagsettermiddag-antrekk i dag. ANNE GRY EILERTSEN 

Nyhende

Haddal/Kaldholen: Ein søndag ettermiddag våren 1963 rulla Sigbjørn Haddal sin Ford Zephyr inn på tunet til Ingeborg (Bolla, f. Kaldhol) og Johan Giskeødegård i Kaldholen. At gutegjengen med haddølingar  har stoppa akkurat der er nok ikkje tilfeldig, for den unge kvinna som står så tekkeleg heilt til høgre er Ingunn Giskeødegård. Eit par år seinare bytta ho etternamn til Haddal då ho gifte seg med Sigbjørn Haddal frå Haddal.