Fekk støtte til kanokjøp

Arkivfoto av speidargruppa.  Foto: innsendt

Nyhende

Like før jul delte ungdomspanelet i Møre og Romsdal ut til saman 125 000 kroner til 12 ulike ungdomsprosjekt i fylket.

- Me fekk til saman 36 søknader, noko som viser at det ikkje er mangel på engasjement, og det viser at det ikkje skal mykje til for å skape noko spennande og gøy for ungdom i fylket, det er me veldig glade for! Me håpar på minst like mange søkjarar til neste frist, som er 1. april 2019, seier Urte Karanauskaitė som er leiar i ungdomspanelet.

Pengane går til alt frå bygging av motorcrossbane til lyd- og lysanlegg og sjkkbrikkar.

Tilskotet blir gitt til prosjekt som stimulerer ungdomsengasjement i fylket og skal gå til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen. 

På lista over dei som fekk støtte denne gongen finn me Hjørungavåg KFUK-KFUM. Dei fekk 10 000 kroner til innkjøp av kanoar.