Ulovleg mellomlagring i Hjørungavåg

Vest-Miljø mellomlagrar avfall i Hjørungavåg, utan å ha søkt og fått løyve.

Hjørungavåg: Fylkesmannen meiner det er fare for avrenning av forureining til grunnen, og at det kan fyke på sjøen.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Fylkesmannen drog 27. november på uanmeldt tilsyn til ein eigedom i Hjørungavåg, eigd av Eilertsen Eigedom. Bakgrunnen var at Fylkesmannen under behandling av søknad om løyve til omlasting av avfall til Vest-Miljø vart gjort merksam på at det var avfall som var lagra på denne tomta, fram til dei får løyve i Brandal.