Amfi Ulsteinvik

Over 1,1 mill. besøkande

2018 vart eit godt år for Amfi Ulsteinvik. Kjøpesenteret hadde ei total omsetning på 262 millionar kroner.

Amfi Ulsteinvik: Amfi Ulsteinvik har fleire kampanjar i løpet av året, og kundane har vore flinke til å stille opp og nytte seg av dei, seier senterleiar Helene Holstad. Dette biletet er frå Marianne Jemtegård var på senteret i vår for å vise vårmotar og -trendar. Foto: Ingvild Aursøy Måseide  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Auke: Senterleiar Helene Holstad er kjempenøgd med at omsetninga på senteret aukar. Dei tre butikkane som har størt auke i handel er Brilleland, Kiwi og Bellis Blomster. Pressefoto  Foto: pressefoto

Braud og bollur: I fjor vart kaféen pussa opp, noko som har gjort han meir populær. Mange besøkande er innom for ein matbit. Pressefoto  Foto: pressefoto

Nyhende

Senterleiar Helene Holstad fortel at julehandelen i 2018 var god for Amfi Ulsteinvik. I desember hadde dei ein vekst i omsetninga på 3,14 prosent. Dei hadde også ein auke i betalande kundar på 6,3 prosent.

Over landsgjennomsnittet

Talet på handledagar var det same i 2017 og 2018 (24 dagar), og butikkmiksen er så å seie den same, så tala er godt samanliknbare.

– Samanliknbare tal viser ei auke på 3,4 prosent, noko me er særs nøgde med, slår senterleiaren fast.

Amfi Ulsteinvik er ein del av Olav Thon Gruppen, som hadde eit omsetningsvekst i snitt på 1,4 prosent i julehandelen, så Ulsteinvik ligg godt over snittet.

Totalt for 2018 omsette Amfi Ulsteinvik for 262 millionar kroner. Det er ein auke på 2 prosent samanlikna med året før. Olav Thon Gruppen hadde ein vekst på 1,5 prosent, så også her ligg Ulsteinvik godt over snittet.

– Black Friday var den desidert beste handledagen, fortel Holstad.

Då hadde senteret ope utover kvelden, og mange kundar kom innom og starta på julehandelen.

Positivt med fornying

Helene Holstad seier at fornyinga av kaféen har vore særs positiv for senteret. Kaféen Braud og bollur ligg midt i senteret og er godt besøkt.

Kundane har også vore flinke til å nytte seg av kampanjane som dei har hatt gjennom året.

– Me har annonsert kampanjane i Vikebladet, og det har fungert bra, kommenterer Holstad. Ho vil nytte sjansen til å skryte av lokalbefolkninga som er flinke til å besøke Amfi Ulsteinvik. Det gir dei som jobbar der inspirasjon til å satse endå meir no i 2019.

Auke til trass for utviding på Moa

Den 1. november 2018 opna utvidinga på Amfi Moa. Det var på førehand spådd at mange kundar ville dra dit. Men til trass for denne utvidinga har Amfi Ulsteinvik hatt vekst i handelen i både november og desember 2018. Netthandel er også ein stor konkurrent for dei lokale butikkane.

– Med over 1,1 millionar besøkande og ei fin auke i snittsalet så er me godt fornøgde med 2018 sett ut frå den tøffe konkurransen som er i marknaden, avrundar Holstad.