Regjeringa vil senke flyavgift:

Widerøe utset rutekutt

Mindre passasjerfly blir fritekne for startavgifta, viss regjeringsforslaget blir vedteke. Dermed ligg det an til at Widerøe kan droppe planane om rutekutt.

Ilustrasjonsfoto.  Foto: Gorm Kallestad/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK-NTB): Regjeringa foreslår at kommersielle fly som trafikkerer Distrikts-Noreg skal bli fritekne for den vektbaserte startavgifta inntil 6 tonn. Det betyr at den største enkeltavgifta på flygingar i Noreg blir redusert, og det får aller størst tyding for små propellfly i Widerøe. Dash-8-flya har ei totalvekt på 16–20 tonn, noko som inneber ein avgiftsreduksjon på rundt 40 prosent for denne flytypen viss forslaget går igjennom, ifølgje Dagens Næringsliv

– Eg vil foreslå å innføre fritak frå plikta til å betale for inntil 6 tonn av den vektbaserte startavgifta. Dette vil styrkje konkurransekrafta til dei lettare flya som opererer distriktsrutene, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) i ei pressemelding.

No vil Widerøe-sjef Stein Nilsen vente med å gjennomføre betydelege kutt i rutetilbodet på kommersielle ruter denne vinteren. Nilsen kallar forslaget «utruleg positivt».

– Når det kjem signal som dette, vil vi sjølvsagt utsetje ei avgjerd om mogleg rutekutt. Noko anna ville ha vore useriøst. Slike kutt var basert på heilt andre føresetnader, seier Nilsen.