Ytre-derby i sesongopninga

Hareid IL startar 4.-divisjonssesongen med bortekamp mot Bergsøy.

Hareid startar 4.-divisjonssesongen på bortebane mot Bergsøy. Første heimekampen går mot Valder.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Nyhende

Det er klart etter at Sunnmøre Fotballkrets har presentert speleplanane for 4.-divisjon og 5.-divisjon for den komande sesongen.

Sesongstart blir fredag 26. april og der møtest Bergsøy og Hareid på Havila stadion. Hødd 2 opnar også med bortekamp og møter Valder på Valdervoll.

Første heimekampen for Hareid blir 3. mai mot Valder.

4.-divisjon

5.-divisjon startar torsdag 25. april og for Hasundgot blir det bortetur i serieopninga. Turen går gjennom Eiksundtunnelen og til Hovdebygda.

I returen til 5.-divisjon er det Langevåg som blir første gjestande lag til Hasundgot stadion.

5.-divisjon