Harald Sætre tek over roret etter Vidar Moldskred:

– Det blir som å hoppe etter Wirkola

Harald Sætre har sidan han kom til konsernet i 2013 vore økonomi- og administrasjonssjef – men er no ny konsernsjef. Sætre meiner det blir viktig å halde fram med strategien konsernet har lagt for dei neste åra.

Ny sjef på «Borga» Harald Sætre har vore tilsett som økonomi- og administrasjonssjef i Ulstein Betongindustri AS sidan han kom til selskapet i 2013. Før det var han dagleg leiar ved Breivik Kalkverk på Larsnes i 16 år. No er det altså han som tek over stafettpinnen etter avtroppande konsernsjef Vidar Moldskred.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Planane vi har lagt må vi halde fram med, slik at vi både sikrar arbeidsplassar, drift og lønnsemd i overskodeleg tid framover

Harald Sætre, konsernsjef i Ulstein Betongindustri AS
Nyhende

Før helga kom nyheita om at larsnesingen Harald Sætre er ny konsernsjef i Ulstein Betongindustri AS.