Koplar ut vatnet i Varleite

Nyhende

Ute bøttar regnet ned, men på Varleite blir det vasslaust i morgon, onsdag. Vel og merke i springen.

Ulstein kommune har sendt ut varsel om at dei koplar ut vatnet på dagtid. Det er ordna mellombels vassforsyning til barnehagen og Sunnmøre Folkehøgskule.

Grunnen til at vatnet blir kopla ut er at dei skal bøte ein lekkasje ved SUFH. Vatnet blir kopla inn igjen når arbeidet er ferdig, utan nærare varsel.

Alle abonnentar er varsla med sms.