Møre og Romsdal fylkeskommune:

Ønskjer kandidatar til Årets Bedrift 2018

Prisen skal gå til ei bedrift i Møre og Romsdal som på ein eller fleire måtar har utmerka seg.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer tips til kandidatar til Årets Bedrift 2018.  Foto: Illustrasjon/Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nyhende

"Kjenner du ei bedrift, lita eller stor, som fortener utmerkinga Årets bedrift? Send inn forslaget ditt innan 31. januar 2019." Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på sine heimesider.

- Vi vil gjerne at folk sender inn forslag til bedrifter dei meiner har gjort ein ekstra innsats i løpet av 2018. Det kan vere på områda innovasjon og nyskaping kompetanse- eller organisasjonsutvikling, eller positive ringverknader for omverda, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Ulstein-verksemda Kleven Maritime fekk den høgthengjande prisen i 2012, medan den tidlegare Hareids-verksemda Odim fekk den i 2008. Første mottakar av prisen - første året den blei delt ut, i 2001 - var I.P. Huse AS i Sandøy kommune.

Kriterium

I vurderinga vil regional- og næringsutvalet leggje vekt på:

- Bedriftsøkonomisk vurdering

- Rolle i regional næringsutvikling (teknologi- og kompetanseutvikling, innovasjon, nyetablering og sysselsetting, ringverknader i lokalsamfunn og region, og internasjonalisering)

- Miljøprofil (omfattar både generell miljøprofil, miljøvenleg produkt og miljøvenleg produksjon)

- Organisasjon (leiing, rekrutterings- og personalstrategi, hms-profil)