Eigedomsskatt – Svar til Gerd Bang Brevik

Knut Erik Engh er ordførar i Ulstein  Foto: Arkivfoto: Linda Eikrem

Nyhende

Av Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein

Gerd Bang Brevik etterlyser svar frå politisk leiing i Ulstein på sitt lesarinnlegg av 4 desember 2018 vedkomande eigedomsskatt, og det er sjølvsagt ikkje urimeleg. Eg beklagar at svaret kjem seint, men eg skal gjere mitt beste i å svare på det ho tek opp.



Av eigedomsskattelova går det fram at «Skatten skal så langt råd er, vera utskriven før 1 mars i skatteåret. Første året kommunen nyttar botnfrådrag i eigedomsskatten er det likevel tilstrekkeleg at skatten så langt råd er, vert utskriven før 1. april i skatteåret».

Dette er hovudregelen og har sjølvsagt med at innbyggarane i god tid skal kunne få innblikk i kor stor skatten vert. Lova gir likevel opning for at; «Første året det vert skrive ut eigedomsskatt i ein kommune, må allmenn taksering og utskriving vere avslutta innan utgongen av juni i dette året». Dette har si naturleg årsak i at kommunen openbert treng tid til å gjennomføre taksering og til å få på plass nødvendige retningslinjer for innkrevjinga.

Dette er tidkrevjande arbeid som ein ikkje under nokon omstende ville kunne vere ferdig med innafor den ordinære fristen 1 mars. Det var difor ikkje praktisk mogleg å få på plass utskriving før i slutten av juni første året. Etter utskriving skal dessutan skattelistene ligge ute til høyring i 3 veker, og ferieavviklinga spelte også inn i forhold til ut-fakturering. Lova legg føringar for at skatten skal fordelast over minst 2 terminar, og difor hadde begge terminane forfall i løpet av 2. halvår. Kravet er altså innanfor lova, og alle vart gjort kjende med størrelsen på kravet innan utgangen av juni.

Eg har likevel forståing for at dette vert opplevd som utfordrande for nokre, og GBB tek opp moglegheita formannskapet har til å ettergi heile eller deler av eigedomsskatten med referanse til §28 i Eigedomsskattelova. I lova heiter det at «Gjer særlege grunnar at det kom til å verta særs urimeleg om heile eigedomsskatten vart innkrevd, kan skatten setjast ned eller ettergjevast av formannskapet». Særlege grunnar er eit strengt vilkår og kan ikkje nyttast til å gi eit generelt fritak for halve skatten slik GBB føreslår.

Dette går også fram av vegleiaren til KS som ho sjølv viser til i sitt siste innlegg. Paragrafen er meint som ein sikkerheitsventil for heilt spesielle omstende som t.d sjukdom som har ført til redusert inntekt der skatteytaren elles ikkje har formue som kan nyttast til å gjere opp for seg. Likeeins dersom ein eigedom har blitt øydelagd av brann eller annan måte som gjer at eigedommen har mista sin verdi og må takserast på ny.

Kommunen må vurdere slike saker kvar for seg etter ein konkret søknad frå den enkelte skatteytar. Høg gjeld eller dårleg økonomi er i følgje departementet ikkje grunn god nok, men det kan gi grunnlag for å inngå avtale om betalingsutsetting.

Elles kan eg forsikre om at eg er heilt på linje med GBB i at eigedomsskatten er ein usosial skatt som ikkje tek omsyn til betalingsevne. Difor er det eit mål for oss å avvikle skatten, og vi har i år innført eit botnfrådrag som vi har planar om å trappe opp i åra som kjem inntil skatten er historie.

Regjeringa med Frp i spissen har også innført innstrammingar i lova for å skjerme innbyggarane mot større auke i eigedomsskatten. Dette vil eg tru dei aller fleste set pris på.

Knut Erik Engh

Ordførar