Ny diskusjon kring forbod mot privat fyrverkeri:

Er utgangspunktet i mot fyrverkeriforbod

Ulstein-ordføraren er i utgangspunktet i mot eit forbod mot privat bruk av fyrverkeri. Hareid-ordføraren meiner eit eventuelt forbod i så tilfelle må vere nasjonalt.

Fellesfyrverkeri: Slik såg det ut under fellesfyrverkeriet på Hareid. Både Hareid-ordførar Anders Riise (H) og Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) meiner fellesfyrverkeri er det flottaste å sjå på – men meiner likevel ikkje at privat bruk av fyrverkeri bør gjerast forbode. Foto: Nanseth Media.  Foto: Nanseth Media

Nyhende

Ifølgje ei undersøking frå Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (NITO) meiner over 60 prosent av oss nordmenn at privat bruk av fyrverkeri bør blir forbode, dersom kommunen står for offentleg oppskyting av fyrverkeri på nyårsaftan. Det skreiv fleire aktørar i riksmedia rundt nyårsskiftet.