Fleire ungdomar i Konfliktrådet

Talet på ungdomar som har fått oppfølging i Konflikrådet på Sunnmøre, dobla seg frå 2017 til 2018.

Vald, narkotika og skadeverk utgjer dei fleste lovbrota, viser fjorsårstala frå Konfliktrådet på Sunnmøre.  Foto: Illustrasjon

Nyhende

Årstala frå Konfliktrådet viser at fjorten ungdomar vart overførte til såkalla ungdomsoppfølging i fjor. I 2017 var talet sju.

I ei pressemelding skriv Konfliktrådet at ein ungdom i tillegg vart dømt til ungdomsstraff i 2018.

Det er vald, narkotika og skadeverk som utgjer dei fleste lovbrota, viser fjorsårstala.



Ifølgje pressemeldinga er det ein trend over heile landet at påtalemakta og domstolane ser verdien av å bruke ungdomsstraff og ungdomsoppfølging som straffereaksjonar for unge lovbrytarar.

Dette er straff for dei mellom femten og atten år som har gjort alvorlege lovbrot, har eit behov for oppfølging og er motivert for endring.

Straffa består av eit ungdomsstormøte med involverte, ein ungdomsplan med krav til ungdomen og eit oppfølgingsteam som følger ungdommen tett i gjennomføringsperioden. Konfliktrådet samarbeider blant andre med politi, barneverntjeneste, skule og helsesektor for å skreddarsy oppfølging som den enkelte ungdom har behov for, skriv Konfliktrådet på Sunnmøre i pressemeldinga.



Fjorsårstala viser elles at talet på tilviste saker til mekling held seg ganske stabilt. I fjor fekk Konfliktrådet 200 saker, mot 207 året før.

Og som tidlegare: det er flest valdssaker. I fjor var talet 67.


 

Kven som helst kan ta kontakt med konfliktrådet for å få hjelp til å løyse ein konflikt. Nabokonfliktar og økonomiske konfliktar var typiske sivile saker som sunnmøringane ønskte hjelp til å få løyst i 2018, står det i pressemeldinga.