Digitalisering og nyskaping på tvers

– Viktig for rekrutteringa

Ulstein kommune, Ulstein vgs., Høgskulen i Volda, NCE iKuben og ProtoMore Kunnskapspark samarbeider i eit forprosjekt for å utgreie grunnlaget for etablering av ein ProtoMore innovasjonslab i Ulsteinvik.

Innovasjonslab: Kjersti Kleven meiner det er viktig å ta vare på den fysiske kreativiteten, ikkje berre den teknologiske. Det er viktig for rekrutteringa til yrka av skuleelevane får denne typen erfaring i skulen. På innovasjonslaben vil det bli brukt ein kreativ metodikk. Laben kan kome både skulane og næringslivet til gode. Det er eit mål at lab-en er sjølvfinansierande, seier Kleven. Foto: NCE iKuben  Foto: fått

Nyhende

Kjersti Kleven er prosjektleiar for prosjektet. Ho er engasjert i NCE iKuben. NCE iKuben er ei tverr-industriell klynge med internasjonalt orientert industri. og teknologibedrifter med hovudtyngde i Møre og Romsdal. Satsingsområda til bedrifta er innovasjon og rask omstilling. Dei vil hjelpe bedriftene til å bruke digital innsikt til å skape nye produkt, tenester og forretningsmodellar.