Hareid - Sulesund var innstilt grunna straumbrot

  Foto: Illustrasjonsfoto / Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Nyhende

Ferjesambandet mellom Hareid og Sulesund var stengt torsdag morgon på grunn av straumbrot og teknisk feil ved ferjebrua på Sulesund. Kvart over åtte meldte Fjord1 at sambandet er opna att. Trass i at alle tre ferjene i sambandet er i drift, må reisande rekne med at vert nokre avvik i høve til dei ordinære rutetidene den første timen, opplyser reiarlaget.