Klar for ein ny sesong i populært TV-show

Førstkomande laurdag er brandølingen Ole Rolfsrud klar for ein ny sesong som programleiar i «Alle mot 1» saman med Selda Ekiz.  Foto: Geir Egil Skog / Nordisk Film / NRK

Nyhende

Brandølingen Ole Rolfsrud er klar for ein ny sesong som programleiar i «Alle mot 1» saman med Selda Ekiz. Førstkomande laurdag, 12. januar, er det klart for ei ny runde av det direktesende underhaldningsprogrammet. Programmet vart lansert på NRK1 for eitt år sidan og i følgje NRK vart det raskt eit populært samlingspunkt på laurdagane.

Kvar veke møter vi ein ny deltakar som skal gjette på utfallet av rare, morosame og spektakulære eksperiment. Samstundes kan TV-sjåarane prøve å kome nærast rett svar på oppgåvene ved å delta via ein eigen app. Deltakaren sitt svar vert målt opp mot snittet av svara som kjem inn frå heile landet og spørsmålet er, kven kjem nærast fasiten, deltakarane eller Noreg?

Det ligg til saman 100.000 kroner i premiepotten. Premien vert vunnen anten av deltakaren eller ein TV-sjåar som vert trekt ut mellom alle dei som har spelt via appen.

«Alle mot 1» vert sendt direkte frå H3 Arena på Fornebu med publikum i salen.